lørdag 21. juli 2007

FRAMME, FRAMME, FRAMME - ved målet


Hallo!

Vi er framme ved Lindesnes fyr!!!
Og vi har en rekord. Ulvar er yngste syklist Nordkapp-Lindesnes.
Målet er nådd og turen er i boks!
Det er mange følelser som kommer nå når vi er ferdige, både glade følelser og litt rare følelser.
Hvordan blir det å våkne i morgen og ikke skulle sykle videre? Hvordan blir det nå når vi bare kan sløve?

Da vi trillet inn til plassen her på fyret fikk vi den fine velkomsten og følte oss velkomne!
Med blomster fra familie (takk!) og åpne armer.
Spesielt av fyrvokter Rolf som tok oss inn i husvarme for en koslig prat. Han har også gitt oss teltplass for natten rett ved fyret. Eventyr! Tusen takk! I natt skal vi sove godt Rolf!
(Nå ble det mange utropstegn her, men sånn blir det etter at turen Norge på langs er ferdiggjort! Fantastisk følelse! Anbefales-.)
Solen tittet frem, vi koser oss.
Og kvelden er fortsatt ung...

onsdag 18. juli 2007

Dekkeksplosjon og endå meir regn og vind

Vi trudde vel ikkje at veret i låglandet skulle setje ein brems på siste delen av turen, men i går var det einaste rette å snu tilbake til Stavanger. I tillegg eksploderte eit dekk.
I dag prøver vi igjen. Det regnar og blæs ikkje lenger!!
Som mamma har skrevet nærmer vi oss Lindesnes, det regner fortsatt, men vi håper på godvær på det sørligste punkt. Der har vi tenkt å slappe av etter turen før vi reiser opp til Besten og tar resten av ferien.
Jeg synes det er rart at vi har vært på veien i nesten en måned, det virker mer som en uke.
Det er kanskje fordi man ikke husker alt, det er starten og nåtiden, også er det noe i mellom, tenker jeg når jeg tenker tilbake. Men det kommer vel bedre tilbake når turen er ferdig.
I går var andre hviledag for oss, der vi bare slappet helt av (sykkelfri-dag, som den også kan kalles). Denne pausen tok vi hos onkel Lars, der vi fikk deilig mat og ei god natt søvn.
Nå er mamma ute og ordner bremsene sine, før vi triller videre mot (forhåpentligvis bedre vær) og målet...

- Kari Maritza

tirsdag 17. juli 2007

Vi nærmar oss Lindesnes

I går kom vi til Stavanger. Her har vi ete bror/onkel "ut av huset"; vi er bortimot umettelege. Ei herleg matlyst!
I dag syklar vi vidare. Det regnar enno, men vi trur det vil lette litt austover langs kysten.
Om to dagar er vi framme.

Vi er spente. Nesten litt ampre. Vi er faktisk litt nervøse for korleis det blir å nå målet.

Vakre Stord, Bømlo og Karmøy

Nytt terreng for oss alle tre. Flotte vegar å sykle på. Vakker natur og stadar.
Her vil vi tilbake.
Det er ei mild stemning i leiren.

Om å vere på to hjul

Aldri har det vel gått seinare med oss enn gjennom delar av Vestlandet. Ikkje så mykje på grunn av regnet, og ikkje er det farleg om det går litt seint inn i mellom. Men; å løfte rundt på tunge syklar over kantsteinar og rekkverk, leite - og ikkje finne - sykkelstien, ende opp i eit bustadfelt, ikkje lenger vite kor du er, bruke tre timar på tre km og bruke alle kreftene ein har og likevel ikkje kome nokon veg.

Etter mange forsøk (og timar), på å bruke gang- og sykkelstiane, gjev vi rett og slett opp, og vi tek i bruk vegbana att - men då blir det tuting og greier.

Kvar i all verda skal ein syklist gjere av seg?

I telt på vegfylling




Det har ikkje regna. Det har ausa ned!


Utanfor Bergen må vi "nødtelte" på ei vegfylling då det plutseleg blir bekmørkt. Det stormar og regnet ligg horisontalt og svart.




Her blir vi liggande til i fire-femtida neste dag. Då lettar det litt og vi kan sykle vidare.
Humøret og stemninga kunne ha vore betre.

onsdag 11. juli 2007

Godt for familien

Så langt har denne turen vore "rett" for oss tre. Vi har hatt gode dagar og litt mindre gode dagar. Vi samarbeider om oppgåvene som skal gjerast; teltet skal opp og teltet skal ned. Vi skal lage mat. Enkle og oversiktlege dagar skapar ikkje stress. Flott natur gjer oss avslappa. Fysisk "arbeid" gjev oss ein god trøytthet.

Til Breim 11. juli

I dag kom vi til Breim i Nordfjord. Her bur besten. I morgon legg vi ut på siste etappe. Vi har sykla ca 2200 km og har ein 6-700 att. Vi har ikkje rekna så nøye.

I dag vart vi våte som kattar for første gong. Det var forfriskande.
Vi vil skrive litt meir når neste nettilgang er mogleg. Då vil vi også legge inn litt fleire bilete.

Nordland er langt, men vi greier det.

Vi brukar seks dagar frå Bodø til Trondheim. Det blir nokre varme dagar. Sola steikjer og det er mykje knott og fluger. Vi sløvar på dagen og syklar når kvelden og natta kjem - då er det kjøleg og lite trafikk. Ofte er vi heilt åleine på vegen.

Utanfor Sandnessjøen møter vi sju elgar som spring over ei lita elv, og to elgar i veggrøfta like ved byen. Det var store dyr. Kjempesvære. Flotte og sterke. Vi held oss på avstand, er litt usikre på om dei tykkjer om oss tre på sykkel. Men elgane forsvinn og vi syklar mot Tjøtta. Det er seine natta.

30. juni - 100 km Bodø - Storvik

Kroppane vår fungerar. Motbakkane er gode, kommenterer Ulvar.
Mor slit litt meir. Kari Maritza er heilt uberørt.

Storvik er ein av dei flottaste teltplassane vi har funne. Frå teltopninga glanar vi rett ut i storhavet. Vi kokar mat på primus. Det er seine kvelden. det er eit fantastisk lys. Vi kjenner at denne turen, denne turen var slett ingen dum idé. Denne turen gjer oss godt både fysisk og psykisk.

Det blir betre og betre for kvar dag

Vesterålen og Lofoten er ei oppleving. Vi syklar mykje kvar for oss. Ungane først og mor etterpå. Ho vil ta bilete og stanse når det passar. Kari Maritza og Ulvar likar å gasse på litt. Vi avtalar møteplassar, eller; "Vi syklar til kl to, så ventar vi på kvarandre". Greie avtalar og det har fungert godt.

Vi tek ferja over til Bodø og møter nære vener som tek oss på middag. Vi et som heltar. Etterpå blir det ein snartur med overnatting på vakre Kjerringøy. Dagen etter, laurdag den 30. juni, legg vi ut på resten av lange Nordland og rv 17. 847 km ventar oss før vi kjem til Trondheim.

27. - 28. juni - til Gimsøy i Lofoten på besøk

Vi treff andre syklistar. Det er mange frå Tyskland og Frankrike - og nokre norske. Dei er så glade alle. Dei fortel om turen sin og smiler sjølv om dei er like skitne, og kanskje inn i mellom slitne som vi er. Dei spør oss om vår tur og vi fortel.

På Gimsøy får vi laksesuppe og ein god dusj og reine sengkle. Vi er i himmelen. Vi har sykla 130 km den dagen og vi er såre i rumpa og litt stive i beina. Hos Eilif får vi godt stell. Frukosten neste dag varer til kl 1600. Vi vil ikkje stresse av garde - det er godt å få sove og slappe av.

Vi syklar ikkje vidare før klokka nærmar seg seks og det tek til å regne.

Den natta søv vi på eit bord og to benkar på ein rasteplass utanfor Leknes.
Ei artig dame frå Romania kom med te og honning til oss.

26. juni - Andøya

I strålande sol og sterk vind kjem vi i land i Andenes. Det var "full rulle" på ferja over frå Gryllefjord. Folk vart etterkvart både stille og bleike av dønningane.

Vi kjenner vi er på tur. Vi kosar oss med mat. Vi er alltid svoltne. Vi møter kjekke folk som spanderer kaffi frå husvognene sine.

Vi bestemmer oss for å sykle yttersida. Vi får medvind og vi fyk sørover. Landskapet er noko av det vakraste ein kan sjå.

Natta kjem på og vi finn ikkje teltplass. Til slutt tek vi takke med nesten kva det skal vere. Vi bestemmer oss for ei slette. Klokka tre på natta er vi omringa av ti kviger som lurer fælt på kva som er i teltet. Dyra nektar å flytte seg. Den natta sov vi ikkje mykje.

25. juni Brensholmen - Gryllefjord

Hallo igjen!

Nokre dagar sidan vi var inne her. Det er ikkje alltid like lett med nettilgang når ein syklar og ligg i telt.

Frå Tromsø gjekk turen til Brensholmen. Der var det ingen ferje over til Senja, men ein liten lapp på kaia der det stod at ferja var innstilt på ubestemt tid. Vi hadde valget mellom å skaffe ein liten båt som kunne ta oss over, vente på kaia, eller sykle tilbake og ta den andre vegen via Finnsnes for å kome til Gryllefjord. Siste alternativet ville gje to dagar meir sykling rundt omkring i Troms. Det ville vi ikkje og etter nokre timar sat vi ombord i ein liten båt som tok oss over til andre sida. Då var vi glade og lukkelege alle tre. Litt ut i kveldinga slo vi opp teltet like ved ferjeleie i den vakre staden der ytterst i havgapet.