onsdag 11. juli 2007

Nordland er langt, men vi greier det.

Vi brukar seks dagar frå Bodø til Trondheim. Det blir nokre varme dagar. Sola steikjer og det er mykje knott og fluger. Vi sløvar på dagen og syklar når kvelden og natta kjem - då er det kjøleg og lite trafikk. Ofte er vi heilt åleine på vegen.

Utanfor Sandnessjøen møter vi sju elgar som spring over ei lita elv, og to elgar i veggrøfta like ved byen. Det var store dyr. Kjempesvære. Flotte og sterke. Vi held oss på avstand, er litt usikre på om dei tykkjer om oss tre på sykkel. Men elgane forsvinn og vi syklar mot Tjøtta. Det er seine natta.

Ingen kommentarer: