søndag 24. juni 2007

Takk til "gutan" på MX - sport i Hansjordnesbukta

"Gutan" på MX-sport i Hansjordnesbukta er noko for seg sjølve. Hjelpsame, venlege og har det som skal til. Utan all den gode hjelpa hadde planlegginga av turen blitt langt meir komplisert.

Syklane har fungert toppers. Trillar som gudar! Ingen skadar eller uhell (bortsett frå at ei støtte har teke kvelden).

24. juni - vi tenkjer oss til Brensholmen i kveld

No er det seint på ettermiddagen i Tromsø. Sola steikjer og vi ventar med å sykle vidare til i kveld. Vi tek ein roleg etappe til Brensholmen. Kanskje går det ei ferje over til Senja (Botnhamn).

Vi har ingen tidstabell. Vi har ingen skjema som skal følgjast. Vi har ingen avtalar. Men vi syklar godt. ca. 580 km asfalt har vi lagt bak oss.

No skal vi ete litt, pakke ut vinterklea (som vi ikkje fekk bruk for i Finnmark likevel), og gjere oss klare for å legge ut på nytt.

Hugs innsamlingsaksjonen. Gå inn på www.sanitetskvinnene.no og les meir om ideen bak turen og innsamling til arbeid for psykisk helse.

23. juni - kl 01:30 - inn til Tromsø

Dette vart ein dag med 148 km på setet. Miste ei ferje på Lyngseidet. På Breivikeidet var det svart i mygg. Vi ville til Tromsø, koste kva det koste ville. Etter ein siste rast utanfor Fagernes, kunne vi lukkelege trille inn til byen vi bur i. Rart å vere under tak att og dusjen var av ei anna verd!

22. juni Talvik - Oksfjordhamn

Ein ny flott dag. Vi kjenner sykkelseta godt i rompa, elles fungerar kroppen over all forventing. Kvænangsfjellet var bratt og høgt! Vi sleit, eller rettare; mor sleit i bakkane, men ho fann eit ekstra gir:).

Vi tek gode pausar og et som hestar. Vi kranglar litt når vi blir slitne. Då er det godt å setje seg på sykkelen att, rulle av garde og legge "fighten" bak seg på asfalten. Himmelen er eit høgare tak enn huset heime, og horisonten har ingen veggar.

20. juni - fuglen som åt på teltet vårt

På veg opp mot Sennalandet fann vi ein vakker teltplass ved Repparfjordelva. Det var vårstemning med nyutsprunge løv og bakken hadde enno merke av snø. Med bål og fuglekvitter hadde vi det godt. Men fuglane på sletta var nok ikkje særleg begeistra for å få besøk. Neste morgon var teltet hakka opp og det var merke etter klør.

Vi syklar for psykisk og fysisk helse - innsamlingsaksjon

Vi ynskjer med denne sykkelturen å setje fokus på psykisk helse generelt, og i kombinasjon med fysisk aktivitet. Det er ikkje nødvendig å sykle Nordkapp - Lindesnes, ein tur ut i frisk luft kan vere nok. Vi valte denne sykkelturen fordi vi ville at aktiviteten skulle vare ei tid. Eg som mamma ville ut av huset og vere i lag med ungane på ein annan måte enn den hektiske kvardagen kan tilby. Eg ville ha tak i den langsame og seige tida. Og den stille.

I samarbeid med Norsk Kvinners Sanitetsforening ynskjer vi å samle inn pengar til arbeid for psykisk helse.

Les meir om innsamlingsaksjonen på www.sanitetskvinnene.no. Der finn du kontonummer som du kan betale inn til. Ta kontakt undervegs på mobil 92 68 81 27, eller på e-post kjerkoll@online.no. Mobilen er avslått medan vi syklar, men blir sjekka i pausene. E-post les vi inn i mellom.

Helsing Kjersti Kollbotn

19. juni - Vi startar på alvor


Etter ei god natt søvn er vi klare til å fare sørover. Lettskya, passe varmt og vindstille. Turen tilbake til Honningsvåg går fint. Vi tenkjer nok kvart vårt der vi syklar utan å seie så mykje. Vi er spente på korleis dette skal gå. Men vi har god tid og motet er på topp. Det er vakkert og landskapet er ope og venleg på slik ein fin dag.


I Honningsvåg greier vi å sykle feil! Ei mil ekstra fram og tilbake til Nordvågen! Vi må få tak i eit ordentleg kart!


Så finn vi rette vegen ut av Honningsvåg - sommarbyen i Norge. Møter tunnelar. Den eine på ca 6800 m - under sjøen med 10% stigning. Det går fint det også.


Den dagen syklar vi til Repvåg. 86 km + feilsyklinga:) vi er glade og nøgde.

18. juni Honningsvåg - Nordkapp




Vi syklar 33 km nordover for å kome i startposisjon på Nordkapplatået. Vi testar formen. Den er brukbar. Fantastisk landskap og mange turistar som vinkar med "tommelen opp". Etter to og ein halv time og eit par kraftige stigningar ser vi målet.

17.juni - med hurtigruta til Honningsvåg


Ein flott start på turen. Endeleg var eventyret i gang. Mor litt stressa for å nå båten i tide. Etter eit besøk i boblebadet på dekk, stupte vi til køys og vakna opp like før Honningsvåg.
Da vi kom til Honningsvåg spiste vi frokost før vi begynte på den 33 km. lange sykkelturen opp til Nordkapp platået.

fredag 15. juni 2007

No er vi i pakkinga

Etter ein litt dårleg start på pakkinga (fordi mor heller ville sjå på friidrett enn å pakke,)så kom vi i gang. Det nye teltet skulle setjast opp slik at vi ikkje vart ståande på Nordkapp platået som idiotar måndag kveld, kanskje til og med i sludd og snø. Vi fekk det til etter litt plunder og krangling. No er klokka snart midnatt og vi er slitne, men må sjekke ut litt meir utstyr i kveld; den nye primuseen må vi få kontroll over.

I tretten og ein halv månad har vi planlagt turen. Og no fer vi snart. Det er mest ikkje til å tru. Vi er spente og glade, og eg er litt engstleg inn i mellom. Kanskje eg blir syka i frå!

onsdag 13. juni 2007

Kort tid igjen

Ja, nå er det bare 4 dager til vi går ombord på hurtigruta mot Honningsvåg og Nordkapp.
Vi starter å sykle tirsdag 19. juni.
Ikke lenge igjen nå... Vi gleder oss!

På seks hjul

Denne sommeren, 2007, skal vi, Ulvar Olai(13), Kari Maritza(14) og Kjersti Kollbotn sykle Norge på langs, turen starter på Nordkapp og ender på Lindesnes.
Nå har vi oppretten en blogg så dere som ønsker det kan følge oss på turen.
På denne siden kan dere stille spørsmål, bare sende en hilsen, eller lese våre reisebrev og se bilder som kommer til å bli lagt ut her etterhvert.