onsdag 11. juli 2007

26. juni - Andøya

I strålande sol og sterk vind kjem vi i land i Andenes. Det var "full rulle" på ferja over frå Gryllefjord. Folk vart etterkvart både stille og bleike av dønningane.

Vi kjenner vi er på tur. Vi kosar oss med mat. Vi er alltid svoltne. Vi møter kjekke folk som spanderer kaffi frå husvognene sine.

Vi bestemmer oss for å sykle yttersida. Vi får medvind og vi fyk sørover. Landskapet er noko av det vakraste ein kan sjå.

Natta kjem på og vi finn ikkje teltplass. Til slutt tek vi takke med nesten kva det skal vere. Vi bestemmer oss for ei slette. Klokka tre på natta er vi omringa av ti kviger som lurer fælt på kva som er i teltet. Dyra nektar å flytte seg. Den natta sov vi ikkje mykje.

Ingen kommentarer: