onsdag 11. juli 2007

25. juni Brensholmen - Gryllefjord

Hallo igjen!

Nokre dagar sidan vi var inne her. Det er ikkje alltid like lett med nettilgang når ein syklar og ligg i telt.

Frå Tromsø gjekk turen til Brensholmen. Der var det ingen ferje over til Senja, men ein liten lapp på kaia der det stod at ferja var innstilt på ubestemt tid. Vi hadde valget mellom å skaffe ein liten båt som kunne ta oss over, vente på kaia, eller sykle tilbake og ta den andre vegen via Finnsnes for å kome til Gryllefjord. Siste alternativet ville gje to dagar meir sykling rundt omkring i Troms. Det ville vi ikkje og etter nokre timar sat vi ombord i ein liten båt som tok oss over til andre sida. Då var vi glade og lukkelege alle tre. Litt ut i kveldinga slo vi opp teltet like ved ferjeleie i den vakre staden der ytterst i havgapet.

Ingen kommentarer: